Utekalving / New Calves Born in the Woods

I går gjekk Matmor tur i skogen nedanfor låven vår – og ingen av oss to hundane som bur på garden for tida, fekk vere med! Begge ville gjerne bli med. Begge måtte halde seg heime. Absolutt IKKJE normal oppførsel av Matmor! Eit sikkert teikn på at her var det noko unormalt på gang.. Så gjekk Matfar ned i skogen, også. Og den gamle dama som bur i nabohuset. Eg høyrde stemmer, føter som sprang, kyr som rauta. Eg høyrde at dei gjekk inn i fjøset. Eg kjende lukta av ei gamal ku eg veit eg har møtt ved fleire høve – og ei heilt ny ku-lukt, som eg aldri har kjent før. Så gjekk menneska ned i skogen igjen, og det heile gjentok seg. Merkeleg! Til slutt kom Matmor tilbake til meg. Ho sette seg ned og let meg lukte på kjeledressen hennar. VELDIG interessant! Det lukta skog, gras, kyr – og nytt liv. Det må vere fødd ein ny kalv! Men – vent – eg kjende TO ulike kalvelukter! TO nye kalvar?! Fødde i skogen min?! DET har ALDRI skjedd før! Å, som eg skulle ynskje at eg kunne gå og helse på dei nyfødde personleg. Men det får eg ikkje lov til. Matmor påstår at eg ikkje kan «oppføre» meg. At eg kom til å skremme dei – eller verre.. Hmf.. Eg får vel berre nøye meg med lukta, eg, då..

Yesterday my Mum went walking in the little wood beneath our barn – without any of us two dogs residing on the farm for the moment. Both of us wanted to come. Both of us had to stay at home. NOT normal behavior from our human! A sure sign something abnormal was up.. My Dad went into the woods, too. And the old lady living next door. I heard voices, running – and mooing. I heard them entering the cow shed. I could smell an old cow that I know – and a new one, that I have never smelled before.. Then they all went back to the woods, and the procedure was repeated. Strange! Eventually, my Mum came back to me. She sat down and let me smell her coverall. VERY interesting! She smelled of wood, grass, cows – and new life. A new calf must have been born! Now, wait a minute – there were two different calf smells – TWO new calves?! Born in MY woods?! I’m pretty sure that has never happened before! I wish I could go and say hello to them in person. But my Mum tells me «no». Claims I don’t know how to «behave». That I would scare them – or worse.. Hmf.. I guess I’ll have to make do with the smell, then.

P8121831.JPG

P8121808.JPG

P8121821.JPG

 

Etter denne storhendinga, tykte menneska mine at dei trong kaffi. NO fekk venen min og eg vere med i laget! Vi fekk til og med overtalt dei tobeinte til å dele vaflene sine med oss 😉

After such great events, my humans were in need of coffee. NOW my friend and I were allowed to join the party! We even talked them into sharing their waffles with us 😉

P8121832.jpg