Sakna kvige, slåttonn og seksuell frustrasjon / Heifer, Harvest and Heat

Sakna kvige / Heifer

Det har gått ei stund sidan siste uppdatering frå meg. De skjønar, Matmor har hatt det for travelt til å hjelpe meg med maskin-skrivinga. Det begynte med at Matmor fekk ein telefon. Nokon hadde sett kviga vi har leita etter i vekesvis! Både Matmor og Matfar og dei fleste andre menneske, var sikre på at ho var daud for lenge sidan. Men, nei, ho var veldig levande, det var heilt tydeleg, då Matmor og gode hjelparar henta henne heim og inn i fjøset. Det siste hadde ho slett ikkje lyst til. Chiko og eg såg frå avstand korleis kviga hoppa og spratt og sprang hit og dit, med Matmor og hjelparane etter. Men tenk – VI fekk ikkje vere med på moroa!! No er ho i fjøset, og Matmor er VELDIG glad. Eg har besøkt henne ein gong, og eg tykkjer ikkje det dyret er noko å rope hurra for, akkurat. Eg fekk ikkje lov å stele maten hennar, eingong! Men Chikoen ser visst annleis på det, for han besøker henne ganske ofte. Matmor seier det er fordi han er roleg og oppfører seg fint overfor ungdyra, og at det gjer ikkje eg. Hm.. Eg vil jo berre ha tilgang til maten deira – det er då heilt naturleg, ikkje sant?

Long time – no update from me. Well, you see, my Mum has been too busy to help me type, really. The Mum-is-very-busy-season started with a phone call. Someone had seen the heifer we have been searching for for weeks. Everyone believed she must be dead. Turned out she was very much alive! My Mum and good helpers went to fetch her home, but neither I nor Chiko was allowed to help – how stupid wasn’t that?! Now she is in our cow shed, and Mum is very, very happy about it. I have visited her there once, and honestly, I don’t understand what all the fuss is about. Mum wouldn’t even let me steal her oats! That Chiko, on the other hand, visits her quite regularly. Mum says it’s because he is calm and well behaved around the heifers and bulls, whereas I am not. Hm.. I just want access to their food. What dog in it’s right mind wouldn’t??

OI000117.jpg

OI000115.jpg

Slåttonn / Harvest

Så kom slåttonna. Lange, kjedelege dagar med Matmor i fjøset eller i siloen, i staden for saman med meg. Takk og lov for at Chiko var her! Vi fekk lov til å leike i pausane. Utan han ville det ha vore reint uuthaldeleg kjedeleg. Men slåttonna i år har vore katastrofe, seier Matmor. Mykje regn har gjort markane altfor våte, så maskinene til Matfar har øydelagt mykje mark. Vel, spør du meg, hadde det vore betre å bruke tida på fjellet saman med Chiko og meg. Då hadde markane vore like heile – og det hadde vore mykje meir moro! (Kyrne hadde kanskje ikkje fått så mykje gras-fôr, men kva gjer vel det – mjølet smakar jo MYKJE betre!)

Then came HARVEST. Long, boring days with Mum in the cow shed or in the silo, instead of with me. Thank God Chiko was here! We got to play in the breaks. Without him, it would have been even more boring. This year’s harvest has been a disaster, my Mum says. Due to heavy and frequent rainfalls, the fields were too soaked to be harvested, really, and large part of them are now damaged by my Dad’s machinery. Well, if you ask me, they should have spent the time in the mountains with me and Chiko instead, and let the fields alone. That would certainly have been more fun! (There might not have been so much grass for the cows to eat the coming winter – but those oaths my humans keep giving them tastes so much better, so who cares?)

20170902_143756.jpg

Seksuell frustrasjon / Heat

Eg ELSKAR å leike med Chiko-en. For nokre veker sidan, vart det ekstra interessant å leike med han, og han oppførte seg herleg merkeleg, slik han aldri har gjort før. Men tenk – då fann Matmor ut at vi ikkje skulle få lov å leike i lag!! Ho oppfører seg verkeleg totalt irrasjonelt somme tider! Ho sa det var fordi eg hadde «løpetid», og ho ville ikkje ha kvelpar, sa ho. Vel, ikkje veit eg kva «løpetid» er, og eg har aldri sett ein kvelp, så for meg var leike-forbodet TOTALT MEININGSLAUST. Og akkurat då var kroppen så herleg rastlaus og merkeleg, og eg hadde berre SÅ lyst til å leike med bestevennen min. Det var verkeleg harde og frustrerande dagar!! Vi fekk ikkje ein gong gå tur saman. Det var for så vidt ok når Matmor henta meg og vi to gjekk tur. Men når Matmor tok med seg Chiko og eg måtte vere heime, tykte eg det gjekk over ALLE støvleskaft. Det gav eg også klårt uttrykk for, i tilfelle nokon skulle vere i tvil om kva eg tykte om den saka..

No har Matmor heldigvis teke til vitet att, og vi får både gå tur og leike saman igjen.

I LOVE playing with that Chiko. A couple of weeks back, playing with him got even more interesting, and he behaved in funny ways that he never has before. But would you believe my Mum – all of a sudden she forbade us to be together!! She really acts totally irrationally some times. Said it was because I was «in my heat», and that she didn’t want puppies. I don’t know what «heat» is, and I have never seen a puppy, so to me, that makes NO sense what so ever. But I DO know that I felt sort of funny, and wanted very, very badly to play with my best buddy – and it was refused. Tough and frustrating days!! Not just playing was forbidden – walks together, too. Which was ok, really, when Mum took me walking, and Chiko had to stay at home. But when Mum and Chiko took off, and I had to stay at home, my world collapsed. I cried out my discontent and frustration, so that nobody in the neighborhood was in any doubt about how I felt..

Luckily, my Mum has come to her senses again, and now lets us play together.

20170903_124650.jpg