Ei uventa vending / An unexpected turn of events

Det hender stadig merkelege ting her i huset. For tre veker sidan kom den vesle Prins-en heim med ein grøn fot og ein lampeskjerm rundt halsen. Og kva verre er: Han fekk, og har framleis, forbod mot leik og herjing. Drepande kjedeleg – og totalt meiningslaust!

Laurdag for ei veke sidan drog Matmor og eg på skitur. Det tykkjer eg er kjempekjekt. Vanlegvis. Men denne dagen kjende eg meg så merkeleg. Hovudet ville gjerne på tur, men kroppen var liksom ikkje heilt med på leiken. Eg har aldri nokon sinne følt meg slik, før!

Strange things keep happening in this household. Three weeks ago the little Prince came home with a green leg and a lampshade around his neck. Even worse: He was and is forbidden to play and fool around. Utterly boring – and totally meaningless!!

Last Saturday, Mum and I went skiing. Which is super fun and utterly enjoyable. Usually. Only, this day I felt funny. My head wanted to hike, but my body wasn’t quite willing. I have never felt like that before – ever!

P3102596.jpg

Matmor sa det var varmare ute enn det har vore. Ho trudde det var varmen som plaga meg. Vi tok pause. Vanlegvis er eg ikkje særleg glad i pausar, eg likar at det går framover når eg er på tur. Men denne dagen kjendest det godt med ein pust i bakken. Vel ein time slumra vi i sola, Matmor og eg. Eg drakk til og med vatnet Matmor tilbydde meg, noko eg sjeldan gjer når vi er på tur.

My Mum said temperatures were higher than they had been for a while. She believed I was bothered by the heat. We took a break. Normally, I’m not very fond of breaks, I prefer being on the move. This day, however, a break felt good. We dozed in the sun for the better part of an hour. I even drank the water I was offered, which I seldom do.

P3102593.JPG

Etter ein ordentleg fjelltur set eg vanlegvis ekstra stor pris på kveldsmaten min. Men denne laurdagen såg eg på serveringa – og greidde ikkje ete ein einaste munnfull. No vart Matmor litt bekymra. Ho trudde kanskje eg kunne ha ete noko som eg ikkje hadde tolt, og bestemte seg for å vente og sjå.

Diverre var eg i dårlegare form dagen etter, ikkje betre. No hadde eg ikkje energi til å stå opp ein gong. Matmor vart så bekymra at ho ringde dyrlege. Like etter den telefonsamtalen, vart eg sett i bilen og køyrt til næraste veterinærkontor, som er ein god times køyretur unna. Eg elskar alle veterinærane her ute, dei kosar med meg og gir meg godbitar kvar gong vi møtest. Men eg elskar slett ikkje det dumme bordet dei absolutt skal ha meg opp på, når vi er på besøk hjå dei. Eg har prøvd så godt eg kan å overtyde både dyrlegane og Matmor om at å gå opp på det bordet er ein særdeles dårleg ide, men så langt har eg ikkje lukkast med det. Og denne gongen orka eg ikkje argumentere med dei. Eg let dei plassere meg på bordet og gjere akkurat som dei ville. Dyrlegen sa at eg var «flink jente», og at ho var imponert over kor tolmodig eg var. Vel, for ein gongs skuld hadde eg ikkje energi til å gi uttrykk for kva eg eigentleg meiner om det der idiotiske bordet.

Heldigvis var Matmor der. Heile tida, trur eg. Eg vart så merkeleg søvning etter kvart, og trur eg må ha sove ei stund. Den siste personen eg såg før eg sovna var Matmor, som stod og klappa meg, og ein av dei første personane eg såg då eg vakna var Matmor, som framleis klappa meg. Men no gjorde det vondt i magen! Kvart steg eg tok, var smertefullt. Det gjorde vondt å bli løfta inn i bilen. Og turen heim, ja, han var ubeskriveleg. Humpete vestlandsvegar med telehiv har aldri plaga meg noko særleg før, men denne gongen var dei ein ille-lidelse.

Det første døgnet heime er litt uklårt for meg. Eg hugsar at eg hadde vondt og var så sløv at eg hadde lyst til å sove heile tida. Det trur eg mest eg gjorde, også. Men ettersom dagane går, har eg begynt å kjenne meg meir som meg sjølv. Eg gler meg over små-turar med Matmor, og eg set pris på god mat – nesten like mykje som før. Matserveringa har forresten betra seg stort etter at eg kom heim att. No er det ikkje berre tørrfor som blir servert, men godsaker som laks, leverpostei og kylling er plutseleg også på menyen. Eg høyrde dyrlegen seie til Matmor, at no var alt lov. Eg kunne få ete det eg lika aller best, berre eg åt. Sa eg ikkje at dyrlegane her er veldig kjekke? I dag tidleg prøvde Matmor å serevere berre tørrfor til frukost. Hallo? Eg tenkte meg om eit lite sekund, men kom raskt fram til at dette kunne eg ikkje akseptere. Så eg la meg ned og såg på henne med det mest lidande blikket eg greide å få til, og prøvde såleis å minne henne på den kjekke dyrlegen sine ord om foring, både med blikk og kroppsspråk. Og det fungerte! Matmor tok fram leverposteien og blanda litt i tørrforet mitt. Sånn skal frukostserveringa vere, Matmor! Treng eg seie at eg åt opp alt saman? Vel, denne rekonvalesensinga må då ha nokre føremoner, ikkje sant?

Ja, for der er sanneleg ulemper. Til dømes må eg ha på meg KLEDE! Det er faktisk heilt uhøyrt – eg er jo malamute! Malamutar går ikkje med klede, det er berre slik det er. Det er nedverdigande. Upraktisk. Det klør. Og det er totalt meiningslaust. Men kva kan ein stakkars hund gjere, når menneska hennar er urokkelege? Dei seier kleda er der for å hindre at eg klør på såret mitt. Kvifor det er naudsynt å hindre det, går over min forstand. Det er då heilt naturleg å klø seg når det klør!?

After a hike I always enjoy my supper immensely. Well, until this day, that is. This Saturday, I just looked at my supper – but I just couldn’t bring myself to eating it. Now, my  Mum was a little worried. She thought I might have eaten something that had upset my stomach, and decided to wait and see.

The next day, unfortunately, I felt worse, not better. Now I didn’t even feel up to leaving my bed. This had my Mum so worried that she called the vet. Shortly after that call, I was put in the car and driven to the closest veterinary office, which is a good hours drive away. I love the veterinaries in our area, they all pet me and give me treats whenever we meet. I do not, however, love that rising table they want me to be on, whenever we go to see them, so I try my best to convince both the vet and my Mum that stepping on to that table is a very bad idea. I haven’t succeeded in convincing them, so far. And this time, I just didn’t feel up to arguing. I just let them put me on the table and do whatever they pleased. The vet said I was a «good girl», and that she was impressed by my patience. Well, for once, I just didn’t have the energy to express my true feelings about that wretched table.

Thank goodness my Mum was there, all the time it seems to me. See, I got very drowsy, and I believe I dozed off for a bit. The last person I saw before I went out was my Mum, petting me, and one of the first persons I saw when I came to, was my Mum, still petting me. But oh – now my tummy ached! Every step was painful. Being lifted into the car was painful. The drive home was indescribable. I am very familiar with bumps in the road, and they have never bothered me before, but this time – this time they were were sheer agony.

The first 24 hours at home are a bit blurry to me. I remember pain and a strange drowsiness, making me want to sleep all the time. Which I believe I did. However, day by day, I am beginning to feel more like myself. I enjoy short strolls with my Mum outside and I enjoy a good meal, almost like I used to. Speaking of meals – they sure have improved! In addition to kibble, there are now goodies like salmon, liver paste and chicken coming my way. I overheard the vet instructing Mum to feed me. She, the vet, that is, said: «Now everything is permitted! Feed her her favorites – just make sure that she eats!» Didn’t I tell you that the vets in this area are lovely persons? This morning, my Mum tried serving me kibble only for breakfast. Bummer! I took a second to think about this new turn of events before I decided not to accept it. So I lay down and put on my most sorrowful expression, reminding her with my eyes and body language what the nice vet had said about feeding. Immediate success! Mum fetched the liver paste and mixed some with my kibble. Way to go, Mum! Needless to say, I ate it all. Now, this convalescence thing has to have SOME advantages, don’t you agree?

There sure are DISADVANTAGES: For one thing: I HAVE TO WEAR CLOTHES!! I mean, really – I am a Malamute! Mals just don’t wear clothes. It is degrading. Unpractical. Itchy. Totally meaningless. But what can one do, when one’s people are adamant? They say I will scratch my wound if it isn’t covered. Well, of course I will, it’s the natural thing to do, isn’t it?

nyoperertibody.jpg

Det som verre er, er at eg også må ha på lampeskjerm når dei går i frå meg. Dei seier det er nødvendig, elles greier eg å sleike på såret, sjølv om eg har på klede, seier dei. Tullete av dei, viss du spør meg – det såret treng sleiking. Rett nok «sleikar» Matmor det to gonger for dagen, ja, ho brukar ikkje tunga, akkurat, slik ein hund ville gjere, men noko liknande, som ho held i handa. Men det er for lite og for sjeldan, tykkjer eg, det såret treng å bli sleika meir og mindre heile tida! Uheldigvis er det ingen som høyrer på sunn hunde-fornuft. Så her ligg eg, kledd som ein klovn, og såret må gro utan mi hjelp. Eg lurer verkeleg på korleis DET skal gå..

Even worse: When they leave me, they put a lampshade over my head, too! Claiming it is necessary, so that I don’t lick my wound. Ignorant of them, if you ask me – that wound needs to be licked! Admittedly, my Mum kind of licks it twice a day, not with her tongue, like a dog would, but with something similar, only she holds it in her hand. Anyway – that’s too little too seldom, if you ask me, that wound needs to be licked more or less continuously! Unfortunately, nobody listens do dog sense. So here I am, dressed up like a clown, and that wound is left to heal without my help. I cannot help but wonder how THAT will turn out..

Tuti_Una.jpg

Trass den irriterande kleskoden, kunne det ha vore verre. Eg høyrde dyrlegen seie til Matmor at viss ho ikkje hadde teke den telefonen sundag, hadde eg døydd av livmorbetennelse. Så kjære to- og firføtte lesarar: Gled dykk over dagen i dag, de veit aldri kva som kan skje i morgon!

Despite the irritating dress code, I suppose things could have been worse. I overheard the vet telling Mum that if she hadn’t made that phone call, I would have died from pyometra. So, dear canine and human readers: Enjoy today, you never know what tomorrow will bring!