Sparktur / Kicksledge Ride

UNA:

lV9rT68SQVuAbBOLuFhKRg_thumb_29a9.jpg

Jippii!! Halvøya vår er velsigna med ordentleg vinter for tida. Eg har drege Matmor på spark i dag – og ELSKAR DET!! Ho ville sjå sola, sa ho. Og gjett kva for ein hund ho valde til å dra henne dit? MEG, sjølvsagt. Eg treng vel ikkje å seie at eg tok oppgåva veldig seriøst, og drog henne både dit og tilbake, på rekord-tid. Gjett om ho var nøgd med meg! Eg var den beste trekkhunden i Dalen vår, sa ho. SÅ DET SÅ!!

Jippee!! Our peninsula is blessed with winter for the time being. I have been pulling Mum on the kicksledge today – I just LOVE it!! She wanted to see the sun, Mum said. Guess which dog she chose to take her there? ME, of course. Needless to say, I took the task very seriously, and pulled her there – and back – in no time. Very pleased with me, she was. I was by far the best sledge dog in our Valley, she said. SO THERE!!

f4OhgAqPR+CxFUnNYKIkng_thumb_29a6.jpg

 

PRINS:

18+2l2K2RoyrIShynWfpRQ_thumb_29ab.jpg

Matmor har ei interessant innretning ho kallar «spark». Han tek seg raskt framover, og det er moro å springe ved sidan av. Men Matmor, ho vil helst at eg skal springe framfor han. Helst skal eg visst dra han også, i følge Matmor. Eg er «trekkhund», seier ho, og det er det trekkhundar gjer: Dei går føre og dreg. Og visst er det kjekt – ei lita stund. Matmor seier eg er ein framifrå trekkhund, NÅR eg dreg 🙂

Mum has a funny device she calls «kicksledge». It moves pretty fast, and is fun to run alongside. Mum, however, wants me to run in front of it. Ideally, I should pull it, she says. According to her, I am a «sledge dog». Apparently, that means that I am supposed to run in front and pull. Which is fun – for a short period of time. Mum says I am an excellent puller, WHEN I pull 🙂

DMqRg9i2SGKLmDRgzQx8xA_thumb_29ae.jpg

Å dra er veldig kjekt, det, med det er også kjekt å sjekke ut spennande spor og/eller lukter ved sidan av vegen. Ikkje forstår eg kvifor, men Matmor set IKKJE pris på desse off-road-ekspedisjonane mine. Det er då dei som gjer turen verkeleg interessant, spør du meg!

Pulling is quite fun, actually, but so is checking out tracks and/or smells beside the road. I do not for the life of me understand why, but my Mum does NOT appreciate my little off-road expeditions.. They make the ride even more interesting, if you ask me!

OEbdmjZwQoyytJpe+ESf9A_thumb_29af.jpg

Så er der sjølvsagt aktivitetar som er absolutt eitt hundre prosent naudsynte, det kan det ikkje vere tvil om:

Then, of course, there are activities besides pulling, that are absolutely and without question one hundred percent necessary:

343qI30KQT+UUlkJ8Yiilg_thumb_29ad.jpg

Matmor seier at sparktur med meg er «interessant». Ho seier også at eg er ein flink trekkhund, når ein tek omsyn til alderen min, kva ho no måtte meine med det. Og så er eg så sjarmerande, seier ho, at det slett ikkje er råd å bli irritert på meg, om eg så skulle gjere meg skuldig i mord (- og det, seier ho, kan fort kome til å hende ein vakker dag, som eit resultat av mine kjappe og uventa off-road-krumspring..)

Mum says kicksledging with me is «interesting». She also says I am quite a good sledge dog, my age considered, whatever that means. Moreover, I am such a charmer, she says, that I could get away with murder (- which I, according to her, might well commit some day, with my quick and unexpected expeditions off the road..)

QlNSX7I4TuW+WXYAT0K1uw_thumb_29aa.jpg